Fylkestopp dømd til fengsel for å ha handla ulovlege varer for 3 millionar – no skal det seljast

HANDLA ULOVLEG: Dette var deler av beslaget politiet gjorde i høve etterforskinga av den tiltalte fylkestoppen.

HANDLA ULOVLEG: Dette var deler av beslaget politiet gjorde i høve etterforskinga av den tiltalte fylkestoppen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Fylkeskommunen leiger inn hjelp for å bli kvitt det.

DEL

– Her er det smått og stort, og gammalt og nytt. Vi må gjennomføre ein viss konkurranse om dette. Så får vi sjå kven som kan gje oss det beste beløpet for varene.

Det seier fylkesrådmann, Tore Eriksen til NRK Sogn og Fjordane.

Anken vart avist

Det var i fjor at ein tidlegare tilsett i fylkeskommunen vart dømd for å ha underslege 3 millionar kroner. Mannen skal ha kjøpt inn utstyr til mellom anna fotballklubben han sat i styret for, og i tillegg vedgjekk han å ha kjøpt utstyr som han hadde gitt til sin eigen familie skriv Firda.

Mannen vart dømd til fengsel i to år utan vilkår i Sogn og Fjordane tingrett, og til å betale tilbake 2,7 millionar kroner og 5000 kroner i sakskostnadar. Mannen anka dommen til lagmannsretten, men anken vart avvist.

– Ei kjedeleg sak

Fylkesrådmannen han er usikker på kor mykje dei kan tene på salet av dei innkjøpte varene.

– Det har vi ingen oversikt over. Vi veit kva beløp som er brukt for å kjøpe inn dette utstyret, men vi har ingen oversikt over kva marknaden er villig til å betale for dette, seier han.

No ser Eriksen fram til å sette eit endeleg punktum for saka.

– Det vil vere veldig godt. Det har vore ei kjedeleg sak. Vi har sett på det som ei personalsak også, seier han til NRK.

Artikkeltags