Politiet i Bremanger åtvarar mot Vipps-svindel

VIPPS: Betalingsaktøren Vipps har hatt tekniske vanskar siste døgna, og omtrent samtidig har det kome svindelforsøk der falske meldingar gir seg ut for å vere frå Vipps, og du blir svindla for pengar.

VIPPS: Betalingsaktøren Vipps har hatt tekniske vanskar siste døgna, og omtrent samtidig har det kome svindelforsøk der falske meldingar gir seg ut for å vere frå Vipps, og du blir svindla for pengar. Foto:

Ein person trykka på falsk lenke, blei lurt for fleire tusen kroner.

DEL

Dei siste dagane har mange motteke ein tekstmelding på mobilane sine, der det blir varsla om mogleg uvanleg aktivitet på Vipps-kontoane deira.

Den meldinga, som inneheld ei lenke, skal du ikkje trykke på, åtvarar politiet i Bremanger. Det er nemleg dette varselet som er sjølve svindelen, den kjem slett ikkje frå Vipps sjølv.

- Eitt trykk på ein slik lenke kan vere nok til at pengesvindel er eit faktum, åtvarar politiet, og dei minner samstundes om regelen: Opne aldri ei lenke utan å vere 100 prosent sikker på at sida er ekte.

Den distribuerte svindel-lenka skal no vere fjerna frå nettet, men  folk bør ikkje senkje guarden av den grunn, åtvarar politiet:

– Svindlarane gir seg ikkje, og det vil kome nye forsøk. Ver varsam, oppmodar politiet.

Artikkeltags