Politimann må vente på å komme tilbake på jobb

Artikkelen er over 1 år gammel

Statsadvokaten har lagt bort saka, men politimannen som er skulda for familievald er framleis suspendert

DEL

Ekskona melde politimannen frå Sogn og Fjordane til politiet i april i fjor. Ho hevdar at ho vart utsett for fysisk og psykisk vald medan ho var saman med politimannen, frå 2006 til 2011. Politimannen nektar straffeskuld, og meiner ifølge forsvarar Mette Yvonne Larsen at skuldingane kjem i kjølvatnet av ei barnefordelingssak.

Politiadvokaten innstilte i førre månad på at det skulle takast ut tiltale for familievald, og politimannen vart samtidig suspendert frå stillinga i politiet.

Førre veke ville derimot statsadvokaten legge vekk saka. Noko kvinna har bestemt seg for å påklage til riksadvokaten.

NRK melder i dag at politimannen framleis er suspendert, og vil vere det fram til suspensjonssaka kjem opp i tilsettingsrådet den 28 november. Om han då vil få komme tilbake på jobb, eller vil vere suspendert vidare framover vil då bli avgjort.

Artikkeltags