Familievaldsikta politimann suspendert

Artikkelen er over 1 år gammel

Politimannen som er sikta for familievald er suspendert på dagen.

DEL

Det vart fredag kjent at ein politimann er sikta for familievald. Det opplyste Kirsti Hammerø, påtaleansvarleg i Møre og Romsdal politidistrikt til Firda.

Fredag kveld kommenterer politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt saka i ei pressemelding.

– Vi har fått melding om at ein polititilsett i Vest politidistrikt er sikta for brot på Straffelova (1902) § 219 første ledd bokstav a. Siktinga er teken ut av politimeisteren i Møre og Romsdal og sendt til Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembet med forslag om at det vert teke ut tiltale. På den bakgrunn har politimeisteren i Vest politidistrikt i dag avgjort å suspendere politimannen med umiddelbar verknad. Suspensjonen vil bli lagt fram for tilsettingsrådet førstkommande tysdag, skriv Songstad i ei pressemelding.

Det var Firda som meldte om dette først.

Artikkeltags