Hevda han trengde hasj til smertelindring

Artikkelen er over 2 år gammel

Politiet fann 63 gram hasj heime hos ein mann i 50-åra frå Ytre Sunnfjord.

DEL

Han vart dømd til 18 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 3000 kroner. Fjordane tingrett tok omsyn til at mannen tilstod lovbrotet og at han hadde ein marginal økonomi som uføretrygda. Strafferamma for oppbevaring av narkotika er på bot eller fengsel i to år.

Den sikta hadde ein liknande narkotika-dom frå år 2000, men hadde no klart å halde seg vekke frå narkotikabruk i mange år.  Han hevda at han trengde hasj til smertelindring av ein kronisk sjukdom, men hadde i liten grad fått nytte av hasjen grunna problem med luftvegane. Forsvarar ba om at tiltalte måtte dømmast på mildaste måte ut frå ein krevjande livssituasjon.

Fjordane tingrett gav ein strafferabatt på tre dagar, ved at han fekk 18 dagar fengsel i staden for 21 på vilkår. Bota vart sett til 3000 kroner grunna stram økonomi. 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken