Sjekk kva fjordingar og sogningar oftast gjer gale

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I fjor blei 4170 lovbrot melde til politiet i Sogn og Fjordane. Det er færrast lovbrot per innbyggar i landet.

DEL

I Oslo var det meldt om 99,2 lovbrot per 1000 innbyggar i fjor. I Sogn og Fjordane derimot var det 38,1 lovbrot per 1000 innbyggar, ifølge ferske tal frå SSB. Det er lågast i landet. Det melder Firda.

Til saman blei det meldt om 4170 lovbrot i fjordfylket i fjor. 1465 var brot på trafikklova, mot 1247 året før. På andreplass kjem brot på rusmiddellova. Der blei 714 melde mot 535 året før.

Dernest kjem eigedomstjuveri, der det er meldt om 620 lovbrot. 480 gonger er det meldt om vald og mishandling i fjor. Sjå grafikk for full oversikt. Der kan du velje kva fylke du vil sjå.

Til samanlikning blei det meldt om 65.337 lovbrot i Oslo i fjor, og 29.102 i Hordaland. I Norge blei det til saman meldt om 324.636 lovbrot.

Artikkeltags