Pensjonist i 70-åra teken med 144 narkotiske tablettar

DOM: Pensjonisten er dømt til fengsel, men kan kanskje sone med fotlenke.

DOM: Pensjonisten er dømt til fengsel, men kan kanskje sone med fotlenke. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: I bilen til mannen frå Sunnfjord fann politiet 144 Rivotril-tablettar. No må han i fengsel i 45 dagar.

DEL

Tablettane politiet fann, inneheld det narkotiske virkestoffet klonazepam. Eit stoff som har muskelavslappande, berolegande og angstdempande effekt, og som i aukande grad blir brukt som rusmiddel.

Det er Firda som skriv om saka først.

Mannen, som er i 70-åra og frå Sunnfjord, tilstod i retten at tablettane var til eige bruk. Dette, og at pensjonisten samtykka til ein tilståingsdom, fann retten formildande.

Eit beslag på 200 piller svarar til 80 dagar i fengsel, og fengselsdommen for dei 144 tablettane mannen vart teken med, svara først til 60 dagar i fengsel.

Mannen vart til slutt gitt 15 dagar strafferabatt grunna tilståinga, og er no dømt til å sone 45 dagar i fengsel.

Grunna den eldre mannens helsetilstand, oppfordrar derimot retten Kriminalomsorgen til å sjå på og vurdere om straffa kan bli sona med fotlenke.

Artikkeltags