Kvinne mistenkt for hasardiøs forbikøyring

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet opplyser at videoen som har gått rundt på nettet om ei skremmande forbikøyring i Ytre Nordfjord for ei tid tilbake, no har fått ein mistenkt.

Ei kvinne i 40-åra er mistenkt i saka, og politiet har oppretta sak, det skriv Firda.

Ved Hovland på Riksveg 5 heldt politiet fartskontroll klokka 14:30. Ein førar drog frå staden med eit forenkla førelegg for å køyrt i 95 km/t i 80-sona.

Tidlegare på dagen heldt politiet ruskontroll i Stavang. 12 førarar vart kontrollerte, men ingen fekk utslag på testane.
 

Artikkeltags