Fylkestopp må svare for innkjøp av filmutstyr og sjampanjekjølarar

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein tidlegare leiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune er tiltalt for grov økonomisk utruskap på 3,7 millionar kroner.

DEL

Det var før jul i 2014 at fylkesrådmann Tore Eriksen fekk mistanke om at den tidlegare leiaren hadde gjort seg skuld i økonomisk utruskap. Mannen blei suspendert, før han til slutt fekk sparken.

No er det tatt ut tiltale, og saka startar i Fjordane Tingrett 14. juni.

Lang liste med ting

Mannens advokat, Stig Nybø, seier til NRK Sogn og Fjordane at tiltalen er "hinsides".

Mannen skal mellom anna ha brukt offentlege midlar til å kjøpe inn kostbart utstyr som vart brukt av ein lokal fotballklubb. Ifølge tiltalen er det snakk om datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggemateriale, mobiltelefonar, sjampanjekjølarar og ei røykmaskin.

Tiltalte vedgår å ha brukt 150.000 utan rettmessige fullmakter.

- Det er noko heilt anna enn tiltalen som er heilt "hinsides" all sunn fornuft, seier advokat Stig Nybø til NRK.

Risikerer seks år i fengsel

40 vitne er kalla inn, og det er sett av 15 dagar til rettssaka.

Strafferamma for grov økonomisk utruskap er seks års fengsel.

Artikkeltags