Mann i 20-åra er dømd for tre tilfelle av vald

Dytta til ein politistudent under arrestasjonen.

DEL

Ein mann i 20-åra er i Sogn og Fjordane tingrett dømd til fengsel utan atterhald i 21 dagar for tre tilfelle av vald. Mannen erkjente ikkje straffeskuld for eitt av desse tilfella.

I vår blei politiet tilkalla av vakter ved ein utestad, på grunn av slåsting inne i lokalet. Då politiet kom fram, tok politiet kontakt med ein av mennene som hadde vore involvert. Han viste seg å vere veldig aggressiv og veldig rusa, og blødde frå munnvika og hadde ein synleg kul i panna. Ifølge politistudenten som snakka med han, dytta mannen han fem gonger i brystet medan han gjentok «spør meg om det éin gong til». Dette tilstod mannen i retten. Sjølv om den tiltalte meinte det var snakk om lette dytt, er det likevel å rekne som vald mot offentleg tenestemann. Det er også meint i å hindre politimannen frå å gjere si tenestehandling.

Mannen kjende seg og skuldig i å ha slege, sparka og ropt skjellsord mot vaktene ved utestaden, då dei bad han om å roe seg ned.

Men han erkjende ikkje straffeskuld for eit anna tilfelle av vald som skjedde for nokre år sidan, ein annan stad i fylket. Under ein bursdagsfest der både mannen og ein kamerat av han var til stades, skulle det ha oppstått bråk mellom dei to. Ei kvinne tok det på seg å få denne kameraten ut av huset, og ho måtte bruke ei viss fysisk makt for å greie det. Då den no domfelte og kameraten var ute av huset, tok dei ein taxi vekk frå staden. Dei stoppa ved ein bensinstasjon for å kjøpe snus, då dei oppdaga at kvinna som hadde kasta dei ut av huset stod i køen på bensinstasjonen.

Tiltalte forklarte at han oppsøkte kvinna fordi han ønskte å konfrontere henne men at han meinte ho hadde behandla kameraten hans dårleg. Han forklarte vidare at han fleire gonger «prikka» ho på skuldra utelukkande for å få kontakt med ho. Kvinna seier derimot at han minst to gonger slo ho kraftig i skuldra og i ribbeina, og viser til at ho nokre dagar etter hendinga oppsøkte lege med smerter der ho var slegen. Ho skal også ha oppsøkt sjefen på bensinstasjonen for å spørje om dei hadde videoovervakingsbilder av hendinga, men bilda var for dårleg til å kaste lys over saka.

Mannen skal derimot ha uttalt seg sprikande om hendinga. I politiavhøyr kort tid etter hendinga, nekta han først for at noko skulle ha skjedd fordi han ikkje hugsa noko frå den kvelden før han vakna neste dag. Men i retten gav han ei meir detaljert skildring av hendinga. Og han har erkjent skuld i to andre tilfelle av vald. Retten støttar dermed kvinna sin påstand. Mannen må betale 8000 kroner i oppreisning til henne.

Artikkeltags