Tre menn sikta etter dødsfall på Nordfjordeid

Politiet har pågripe og sikta tre menn etter det mistenkelege dødsfallet på Nordfjordeid søndag 19. januar.

DEL

I samband med funnet av ein død mann på Nordfjordeid søndag 19. januar, har politiet no pågripe og sikta tre menn i 18- til 30-åra.

Dei tre mennene er sikta for å ha "hensatt ein person i hjelpelaus tilstand", etter straffelova paragraf 288. Den seier at; "Hensettelse i hjelpeløs tilstand mv. Med fengsel inntil 3 år straffes den som hensetter en annen i hjelpeløs tilstand med fare for liv, kropp eller helse."

Alle tre vil bli framstilt for varetektsfengsling fredag 24. januar, og har fått oppnemnd kvar sin forsvarar.

Mannen som vart funnen død var Rune Kjetil Flo (59), busett på Nordfjordeid. Namnet på den døde vert frigitt i samråd med dei pårørande.

Politiet ønsker ikkje å gi ytterlegare opplysningar om mogleg dødsårsak eller andre detaljar om kva som er komme fram i etterforskinga til no.

Det opplyser Arne Lutro, Leiar for stab for kommunikasjon i Vest politidistrikt.

Artikkeltags