Krev svar frå SFE om korleis dei handterer ytringsfridomen

FLORØ: Eit samla formannskap i Kinn kommune vil krevje svar frå SFE om korleis bedrifta handterer ytringsfridom og varslarar. Dette i lys av saka der ein lærling blei stroken frå søkjarlista fordi han var vindkraftmotstandar.