SOGN AVIS: Hendinga skjedde i Måløy natt til fredag, rapporterer Eirik Loftesnes på politiet sin operasjonssentral.
– Det var like før klokka halv to at politiet fekk inn melding om at ein bil hadde krasja inn ein parkert bil og at det kunne virke som førar var rusa. Politiet rykte ut til staden og fekk kontakt med førar som då var på eigen bustad.
Førar var ei kvinne i 40-åra som då vart testa for promille.
– Ho blåste til langt over lovleg verdi og vart teken med til blodprøve, seier Loftesnes som elles har lite å melda om frå Sogn.
– Det er no eigentleg heldige som bur der det er så roleg.