Gå til sidens hovedinnhold

Krasja i autovern og rygga i betongmur: Politiet mistenkjer ruskøyring

Politiet har beslaglagt førarkortet til ein bilist i Svelgen måndag kveld.

Klokka 18.19 måndag kveld melder Vest politidistrikt at ein bilist i 30-åra er fråteken førarkortet i Svelgen.

Mannen køyrde først inn i eit autovern, før han deretter rygga seg rett inn i ein betongmur.

Politiet har vore på staden og teke hand om mannen, og han er mistenkt for ruskøyring.

Mannen er teken med for blodprøvetaking og førarkortet hans er beslaglagt.

Kommentarer til denne saken