Ventar låg pris på straum

LYS OG VARME: Lys og varme i husa ser ut til å bli rimeleg også dei næraste åra.  Arkivfoto

LYS OG VARME: Lys og varme i husa ser ut til å bli rimeleg også dei næraste åra. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

2015 gav oss svært låge straumprisar og det ser ut til at trenden skal halde fram.

DEL

Spotprisen på elektrisitet var svært låg i 2015, faktisk må vi heilt tilbake til 2000 for å finne like låge prisar, melder SFE.

Årsakene er blant anna vêret vi hadde i 2015. Kombinasjonen store snømengder og mild vinter, kjøleg sommar samt våt og mild haust gjorde til at forbruket var lågt samtidig som produksjonen av elektrisk kraft var stor.

Utsiktene for 2016 og framover er at SFE ser føre seg både eitt og kanskje fleire år med låge kraftprisar. Mange land i Europa har forplikta seg klimapolitikken til EU, blant anna med ei kraftig satsning på fornybar kraftproduksjon. Fram mot 2020 er det venta ytterlegare auke i fornybar produksjon.

Artikkeltags