Kraftig trafikkvekst i Telenors nett

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

NETT: 80 prosent av landets teletrafikk går gjennom Telenors nett, og den har auka kraftig sidan koronasmitten kom for alvor.

DEL

Både mobil- og breibandsnettet er dimensjonert til å tåle veksten.

Kommuniserer på SMS

Dei siste to vekene har Telenor målt ein kraftig trafikkvekst i nettet. Den fordeler seg slik:

Mobil tale: 50 prosent auke, mobil data: 25 prosent auke i perioder, internett på fast breiband: 30-40 prosent auke på dagtid. Forklaringa er auka bruk av video (Netflix, YouTube og NRK, mellom anna) og videokonferansetjenester. SMS-tenesta: 22 prosent auke. Under normale situasjoner ligg dagleg nivå på mellom 16 til 18 millioner SMS-meldinger per døgn gjennom Telenors nett. No har trafikken auka til mellom 20 og 22 millionar SMS i døgnet. Ein stor del av denne veksten kjem av at myndigheitene i stadig større grad brukar SMS i kommunikasjon med landets innbyggarar

80 prosent av landets teletrafikk går gjennom Telenors nett. Då er det heilt avgjerande at nettet har høg kvalitet og er oppe til ei kvar tid.

Petter-Børre Furberg er administrerende direktør i Telenor Norge. Han beroligar kundene med at Telenors nett skal tole veksten.

– Ja, nettet toler denne ekstra belastninga. Vi er godt rustet for ytterlegare vekst også, seier Furberg.

Han legg til at Telenor har løpende kontakt med kundar i bedrifts- og privatmarknaden.

– Vi får tilbakemeldinger om at enkelte opplever tregheit i pålogging fra heimekontor. Det har oftast samanheng med at heimekontorløysingane ikke er dimensjonerte for så mange oppkoblingar samstundes. Vi ser saman med bedrifter på moglegheiter for å auke denne kapasiteten, seier Furberg.

Har iverksett fleire tiltak

Då koronaviruset for alvor blei registrert i Norge, blei bruksmønsteret av teletenestene kraftig endra. Arbeidstakarar, studentar og skuleelevar blei oppmoda til å jobbe heimefrå. Det tradisjonelle jobbnettverket blei erstatta av heimebaserte løysningar.

– Vi har iverksett ei rekke tiltak for å sikre at kundane er på nett til ei kvar tid, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor Norge.

Han peikar på følgjande tiltak:

- Auka kapasitet på fleire hundre basestasjoner der vi ser at trafikken aukar. Ekstra merksemd rundt feilsituasjoner - vi har veldig høg oppetid i nettet, men er ekstra merksame på at utfall i dagens situasjon er ekstra kritisk. Difor held vi løpande kontakt med våre entreprenørar for å sikre rask feilretting ved utfall. Sjølvsagt kan det vere ein og annan basestasjon som kortvarig går full. Det kan bli utfordringar med omsyn til driftspersonell og «raude soner», men vi er i tett dialog med våre entreprenørar og lovar å gjere alt vi kan i denne kritiske situasjon for landet vårt, seier Amundsen.

Artikkeltags