Gå til sidens hovedinnhold

Kraftig snøfall i natt: Brøytebil har køyrt seg fast i Bremanger

Nordfjord og Ytre Sogn har dei vanskelegaste forholda i det som er vinterens første verkeleg kraftige snøfall.

Alt av brøyteberedskap er i sving i morgontimane måndag, etter at det tok til å snø kraftig seint søndag kveld over heile fylket.

Ifølgje Vegtrafikksentralen Vest er det i områda sør for Sognefjorden og i heile Nordfjord at tilhøva er mest utfordrande.

Fylkesveg 616 Endal i Bremanger blei stengt i femtida på morgonen, etter at ein brøytebil køyrde seg fast og blei ståande med eit hjul utafor vegkanten.

Her er det no omkøyring via Fv 614 Ålfoten. Denne ulukka går også ut over brøytinga i området, og folk må difor køyre ekstra varsamt.

SISTE: Klokka 09.15 melder Vegtrafikksentralen at Fv 616 er opna att for trafikk.

Kommentarer til denne saken