Kraftig røykutvikling på sildeoljefabrikk ved Måløy

BRANN: Naudetatane har rykka ut.

DEL

I Deknepollen ved Måløy medle brannvesenet om røykutviklings på sildeoljefabrikken klokka 20.07, opplyser politiet på Twitter. Brannvesenet er på staden. det er observert mykje røyk og dei undersøker no kva årsaka er.

Det blir opplyst at det ikkje skal vere produksjon på staden i augeblikket.

- Naudetatane har rykka ut til Måløy sildeoljefabrikk, og brannvesenet jobbar med å lokalisere kva som lagar røyk, seier vaktleiar Terje Birkeland ved Alarmsentralen.

OPPDATERING:

Brannen skal vere lokalisert i eit ventilasjonsrøyr. Omfanget er førebels ukjent, men det er ikkje meldt om at det skal vere personar i området. Det går no føre seg sløkkingsarbeid, og det skal ikkje vere eksplosjonsfare. Deler av Ulvesundvegen blir halden stengd ein periode framover, melder politiet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken