Kraftig rentekutt og tiltakspakke frå Noregs Bank

Oslo 20200227. 
Øystein Olsen, leder for hovedstyret i Norges Bank presenterer årsrapporten for Statens pensjonsfond utland 2019 under en pressekonferanse i Norges Bank. Statens pensjonsfond utland, eller oljefondet, fikk i 2019 en avkastning på 19,9 prosent. Det tilsvarer 1.692 milliarder kroner.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Oslo 20200227. Øystein Olsen, leder for hovedstyret i Norges Bank presenterer årsrapporten for Statens pensjonsfond utland 2019 under en pressekonferanse i Norges Bank. Statens pensjonsfond utland, eller oljefondet, fikk i 2019 en avkastning på 19,9 prosent. Det tilsvarer 1.692 milliarder kroner. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Foto:

Noregs Bank reduserer styringsrenta med 0,5 prosentpoeng til 1 prosent og tilfører likviditet. Samtidig lempar regjeringa på kravet om eigenkapitalen til bankane.

DEL

Sentralbanken kom med tiltakspakken sin fredag morgon.

– Ei lågare rente kan ikkje forhindre at koronautbrotet får store konsekvensar for norsk økonomi. Det vil likevel kunne dempe tilbakeslaget og avgrense risikoen for meir langvarige konsekvensar for produksjon og sysselsetjing, skriv banken.

Noregs Bank slår fast at Noreg er sterkt prega av utbrotet av koronaviruset, covid-19, og at dei viktigaste tiltaka handlar om å avgrense smitte og redde liv.

– Oppgåva til Noregs Bank er å fremje økonomisk stabilitet. Det gjer vi gjennom å bidra til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader, og ved å tilpasse rentenivået til den økonomiske situasjonen, heiter det.

Påskunda

Noregs Banks neste rentemøte var i utgangspunktet torsdag neste veke. Men den kritiske situasjonen for økonomien i kjølvatnet av koronavirusutbrotet har endra situasjonen. Kraftig børsfall, oljeprisfall og svikt i etterspurnaden etter varer og tenester er blant faktorane som påverkar økonomien.

– På kort sikt vil aktiviteten i norsk økonomi bli redusert betydeleg som følgje av virusutbrotet. Mange bedrifter er allereie negativt påverka. Det har kome fleire varsel om permisjonar, og arbeidsløysa er venta å auke. Eit markert fall i oljeprisen bidreg òg til å svekkje dei økonomiske utsiktene, skriv Noregs Bank.

Avgjerda om rentekuttet vart teken på eit ekstraordinært møte i sentralbanken 12. mars. Ho var samrøystes.

– Det er betydeleg uvisse om varigheita og konsekvensane av virusutbrotet, og det er ein risiko for eit markert tilbakeslag i økonomien, heiter det.

Lempar på kapitalkrav

Finansdepartementet vedtok fredag å setje ned kravet til såkalla motsyklisk kapitalbuffer for bankar frå 2,5 til 1 prosent med direkte verknad, etter tilråding frå Noregs Bank.

Kravet om ein slik buffer handlar kort sagt om at bankane skal ha reservar i bakhand for dårlegare tider.

– Det er etter Noregs Banks vurdering risiko for eit markert tilbakeslag i norsk økonomi som følgje av utbrotet av koronaviruset. Bufferkravet blir sett ned for å motverke at ein strammare utlånspraksis i bankane forsterkar ein nedgang, heiter det frå departementet.

Allereie torsdag la Noregs Bank ut ekstraordinære lån til bankane, i form av tremånaders såkalla F-lån. Årsaka var marknadssituasjonen koronaviruset har skapt.

(©NPK)

Artikkeltags