Resultatet før skatt fall med 70 prosent, og resultatet etter skatt med 85 prosent frå 2018 til i fjor, melder Trønder-Avisa.
Medan 2018-resultatet fekk positiv påverknad frå sal av Landkreditt Finans og Landbruksforsikring, fekk 2019-resultatet påverknad andre vegen av valutaeffektar og effektar av Felleskjøpet sitt engasjement i Moelven. Salet av aksjane her, i tillegg til Moelven si drift, gav eit lågare resulatatbidrag enn året før. Det blei også dyrt å importere surfôr frå Island etter tørkesommaren 2018, noko som har hatt merkbart negative utslag på 2019-tala.
I løpet av 2019 investerte Felleskjøpet Agri også 650 millionar kroner i mellom anna butikkar, produksjon og digitale tenester, som skal bidra til å utvikle norsk landbruk i åra som kjem, samstundes som dei la ned fabrikken i Florø med 14 tilsette.
I går vart det også kjent at konsernsjef John Arne Ulvan gjekk av med umiddelbar verknad.
Kommentarer til denne saken