Kraftig byråkratvekst i Kommune-Noreg: 5.000 fleire på fire år

Heidi Greni, Senterpartiet, Sør-Trøndelag

Heidi Greni, Senterpartiet, Sør-Trøndelag Foto:

Av

Trass i målet til regjeringa om auka avbyråkratisering og effektivisering har talet på byråkratar i norske kommunar auka med 5.000 frå 2015 til 2019.

DEL

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at talet på sysselsette i kommunebyråkratiet auka frå i overkant av 58.000 til over 63.500 frå 2015 til 2019, ein vekst på over 9 prosent.

Det får Senterpartiet til å reagere.

– Regjeringa overstyrer kommunane, og det gjer at det blir eit enormt auka byråkrati, seier Heidi Greni, kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet, til Klassekampen.

Sidan kommunereforma vart vedteken i 2014, har 119 kommunar blitt slått saman til 47, og talet på kommunar i Noreg har gått ned frå 428 til 356. Men talet på byråkratar har altså auka.

Greni meiner dette kjem av kommunesamanslåingane, og at det er ein myte at samanslåingane skulle føre til mindre byråkrati.

– Skal du ha nye, store administrative einingar, kjem det automatisk òg nye mellomleiarledd og prosjektorganisasjonar og så vidare. Myten om at kommunane skulle spare pengar og slanke administrasjonen ved å slå seg saman, trur eg ikkje på, seier ho.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) er ikkje overraska over tala. Han meiner det ikkje er overraskande å sjå ein auke når tenestene i kommunane aukar. Samtidig meiner han at tala frå SSB ikkje gir eit riktig bilete.

Han meiner at ein auke i talet på sysselsette i kommuneadministrasjonen i mange tilfelle kjem av endringar av stillingsnemning i kommunen, og ikkje nødvendigvis fleire tilsette.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken