Kraftig bustadbrann i Florø, 13 personar evakuert

BRANN: Huset blei fort overtent i den kraftige vinden.

BRANN: Huset blei fort overtent i den kraftige vinden. Foto:

DEL

Brannvesenet jobbar med å sløkke ein brann i et bustadhus i Florø, melder politiet på Twitter natt til laurdag. Brannen skal vere i Lyngvegen.

Den første meldinga kom klokka 23.49. Då var politiet på staden, og det var mykje røyk i området.

Brannvesenet var på staden nesten umiddelbart etterpå, og det var observert opne flammar.

Klokka 00. 05 skriv politiet at brannvesenet har sette i verk sløkking. Det er full overtenning og ni personar er evakuert. Dei blir tekne vare på av helsepersonell. Det er mykje røyk i området, men det er ikkje meldt om skadde personar på dette tidspunktet.

Det er mykje vind i området og dei som bur i nærleiken blir bedne om å halde vindauga lukka.

Klokka 00.14 melder politiet at dei har evakuert to hus som ligg nært opp til huset som brenn. Det er ein tomannsbustad, og det brenn i heile bustaden. Brannvesenet har ikkje kontroll.

Ny oppdatering klokka 01.04: Det er totalt 13 personar som er evakuert i samband med brannen. Nokre brannfolk har fått i seg røyk og blir tilsett av helsepersonell. Det er ikkje melde om skadde personar utover det.

Det er framleis høge flammar synlege gjennom taket på huset.

01.46 melder politiet at brannvesenet no held på med ei kontrollert nedbrenning. Det er ikkje lenger fare for at brannen skal spreie seg til andre hus.

Brannvesenet held fram utover natta med å sikre branntomta.


Artikkeltags