Tal frå Sjøfartsdirektoratet viser at det er registrert 4.226 norske fiskefartøy under 15 meter. Statistikken viser at det i 2020 var registrert 30 ulykker med denne fartøygruppa. Hittil i år har talet stige til 45, melder Skipsrevyen.

Tidlegare denne veka kom Statens havarikommisjon med ei oppmoding til Sjøfartsdirektoratet om å intensivere kontrollen med mindre fiskefartøy.

– Det er aldri positivt å sjå at talet på ulukker aukar og det er noko vi alltid ser alvorleg på. Ulykker er eit viktig grunnlag for arbeidet vår og det legg føringar for prioriteringane våre. Ulykker som blir rapporterte inn til direktoratet blir gått gjennom, og det blir vurdert tiltak som kan vere med på å hindre at slike ulykker skjer igjen, seier kommunikasjonsrådgjevar Marit Nilsen i Sjøfartsdirektoratet.

Også talet på forlis har stige kraftig, frå åtte i 2020 til 14 hittil i år. Samstundes har talet på dødsfall i samband med ulykker går ned. I 2018 var det seks dødsfall i denne fartøygruppa, medan talet i 2020 var to. Hittil i år er det registrert eitt dødsfall.(©NPK)