I alt mista 14 personar livet på norske vegar i november i år. Det er dobbelt så mange som snittet dei siste tre åra og ti fleire enn i fjor.

Vi må tilbake til 2018 for å finne liknande tal. Så langt i år har 111 personar mista livet i trafikken her i landet. Fire av dei 14 omkomne i november var fotgjengarar, opplyser Statens vegvesen.

Når ein samanliknar talet på omkomne i trafikken så langt i år med fjorårstalet, har 36 fleire mista livet, ifølgje Trygg Trafikk.

– Eg følgjer utviklinga tett, og ein periode i november tikka det inn meldingar om dødsfall dagleg på mobilen min, seier Guro Ranes, leiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen.

Trafikantar må ta ansvar

Oslo, Troms og Finnmark og Innlandet vart hardast ramma i november, skriv Trygg Trafikk. Innlandet har nesten ei dobling av talet på omkomne. I Oslo har fire personar omkomme i år, mot éin person i same periode i fjor.

– Vi kjenner ikkje årsakene til ulykkene i november. Store delar av landet har hatt periodar med svært skiftande køyreforhold. Fleire område har fått det første snøfallet i sesongen og det har tidvis vore svært glatt mange stadar, seier pressesjef Christoffer Solstad Steen i Trygg Trafikk.

Rus, fart og aktløyse er samtidig dei vanlegaste medverkande faktorane til dødsulykker.

– Sjølv om det stadig blir tryggare bilar og vegar, er vi også avhengige av at trafikantane er klar over og tek sitt ansvar. I julebordssesongen vil eg be folk om å vere ekstra merksame, seier Ranes i Statens vegvesen.

Oppmodar til trygge val

Samtidig er Christoffer Solstad Steen og Trygg Trafikk opptekne av at ein tek trygge val i månaden som no står for tur. I desember er det mange som skal legg ut på lengre køyreturar for å besøkje familie og venner i jula.

– No er vi på veg inn i ein periode med mykje glede og hyggjelege samankomstar, men også mykje stress og reising. Vegane er kanskje ukjende og køyreforholda annleis enn det du er vand med. Ikkje la deg stresse av kø eller andre ting som kan påverke deg. Det viktigaste er at de alle kjem trygt fram dit de skal, seier Steen.

(©NPK)