Sommaren 2019 dukka det opp ei rekkje utleigarar av elsparkesyklar i fleire norske byar. Med ein app på mobilen kunne ein når og kvar som helst enkelt plukke med seg ein elsparkesykkel og suse av garde dit ein skulle.

I starten var det få reglar og avgrensingar, noko som etter kvart auste ut politiske debattar om nøyaktig kvar ein skulle setje grensene. I dei tre åra som har gått, har fleire norske byar teke grep og avgrensa utleiga av sparkesyklane, mellom anna i Oslo, Bergen og Trondheim.

På onsdag trer ei rekkje nye reglar i kraft som har som mål å få kontroll på den utbreidde bruken og få ned ulykkestala.

– Med den eksplosive auken i bruk av små elektriske køyretøy vi har sett dei siste tre åra, har vi dessverre også sett eit uakseptabelt høgt tal skadar. Vi må vareta tryggleiken og framkomma til både brukarar av slike køyretøy og medtrafikantane deira, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) i slutten av førre månad.

Promille- og aldersgrense

Frå onsdag blir elsparkesyklane omklassifiserte frå sykkel til motorvogn, og med det følgjer ei rekkje endringar.

Ein kan no miste førarkortet dersom ein fyllekøyrer med elsparkesyklar. Den alminnelege promillegrensa på 0,2 skal gjelde også for ruspåverka køyring med små elektriske køyretøy.

Terskelen for å ta frå personar førarkortet for promillekøyring med elsparkesykkel, leggjast likevel på same nivå som for moped, ikkje nivået for bil. Brot på nye elsparkesykkelreglane beheld dagens satsar, ifølgje Samferdselsdepartementet.

Det blir dessutan forbode for barn under tolv år å køyre elsparkesykkel, og det blir også innført eit påbod om bruk av hjelm for alle under 15 år.

Frå september vil elsparkesykkel-utleigarane ha krav om ansvarsforsikring, og det same vil private eigarar også måtte gjere frå 1. januar.

Færre aktørar

I fleire av dei største byane har legevakta meldt om mange skadar relaterte til køyring med elsparkesyklar. Fleire har innført forbod mot utleige på nattetid.

I juni i fjor sommar vart det registrert heile 436 skadar på skadelegevakta i Oslo. I år har det hittil vore færre skadar enn tidlegare etter at det vart sett inn ulike avgrensingar.

Det var rundt 25.000 elsparkesyklar i Oslos gater i fjor sommar. Mot slutten av sommaren stramma Oslo kommune kraftig inn og sette eit tak på 8.000 sparkesyklar fordelte på tolv aktørar.

I vår stramma kommunen inn talet på aktørar som får lov til å leige ut.

Dermed måtte ni aktørar pakke vekk syklane sine. Selskapa Voi, Tier og Bolt trekte det lengste strået og vann anbodet om å få leige ut i Oslo, med rundt 2.600 syklar kvar. Anbodet gjeld fram til 31. mars 2023.

Delte meiningar

Det har også vore diskusjon rundt forbod mot køyring på fortau, slik ein har innført i ei rekkje europeiske byar

Regjeringa har ikkje gått inn for det, noko elsparkesykkel-aktørane har vore positive til.

Halvparten av befolkninga ønskjer likevel eit slikt forbod, viste ei undersøking gjennomført av YouGov på vegner av Trygg Trafikk og Tryg Forsikring i april.

I tillegg svarte nær éin av fire at dei ønskjer eit totalforbod mot elsparkesyklar.

(©NPK)