Ein bil har treft ein lyktestolpte i Gunnar Schjeldrupsveg i Svelgen.
– Ein bil køyrt ut og treft ein lyktestolpe. 07.18 kom meldinga til oss, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord.
Han fortel at det var ein person i bilen, og at det ikkje er mistanke om promille.
– Føraren er køyrd til legevakt for sjekk. Straumen er kopla frå, og det er mannskap på veg for å reparere skaden. Stolpen blei liggande utanfor vegen, så det er passasje på staden, seier Rebnord.