Koronaviruset har nådd plattform i Nordsjøen

FLORØ: Ein person på Martin Linge-plattformen i Nordsjøen har fått påvist koronasmitte.

DEL

Ein person har fått påvist koronavirus på Martin Linge-plattformen i Nordsjøen.

Det er Equinor som melder dette onsdag morgon i ei pressemelding.

Personen skal ikkje vere alvorleg sjuk og er no isolert. Det er ikkje bestemt når den sjuke vil bli frakta til land.

Ifølgje sysla.no skal den smitta ha kome ut på jobb 4. mars og deretter fått påvist smitten 9. mars. Vedkomande skal nyleg ha vore på ferie i Austerrike.

I pressemeldinga skriv Equinor at aktiviteten på feltet no blir redusert, men at dei 776 arbeidarane som er offshore blir verande på installasjonane inntil vidare. Oljeselskapet vurderer tiltak fortløpande.

Martin Linge ligg nær grensa til britisk sektor i den nordlege delen av Nordsjøen, 42 kilometer vest for Oseberg. For nokre år tilbake hadde Westcon i Florø oppdrag som underleverandør til Subsea 7 i samband med investeringar på feltet.


Artikkeltags