Fire frå mannskapet på Skjongholm har testa positivt for koronasmitte etter bruk av hurtigtestar, skriv måløy24.no.
Reiar Rune Nilsen opplyser til nettstaden at dei får endeleg svar på testane i dag laurdag.
Båten har vore på fiske ved Røst, og ligg no til kai etter å ha lossa i Leknes.
– Vi hadde ein mann med ein feber som ikkje gjekk over og då måtte teste oss då vi kom i land, seier Nilsen.
Fram til det endelege testsvaret kjem, må mannskapet på ni halde seg i isolasjon.
Kommentarer til denne saken