Koronasmitte oppdaga på fly til Florø

DEL

Eit Widerøe-fly frå Oslo til Florø onsdag den 7. oktober hadde minst ein passasjer om bord med påvist koronasmitte. Det melder Folkehelseinstituttet.

Flyet frå Oslo hadde flightnummer WF135 og landa i Florø klokka 17.45.

Det var Bergens Tidende som skreiv om dette først.

Folkehelseinstituttet får varsel om personar med påvist covid-19 som har reist med offentleg kommunikasjon. Dette er informasjon dei legg ut offentleg på nettsidene sine. Informasjonen er avgrensa til reiser mellom ulike kommunar eller land.

Informasjonen blir gjort offentleg i dei tilfella der styresmaktene ikkje har informasjon om alle som kan ha blitt eksponert og ikkje kan gjennomføre vanleg smittesporing, og målet er å nå raskt ut med informasjon i tilfelle der mange kan ha blitt eksponert for viruset.

FHI strekar under at erfaringane frå Norge og andre land tilseier at smitterisikoen for andre passasjerar er liten.

På reiser med plassreservasjon vil passasjerar som har hatt sete ved sidan av reisande som har fått stadfesta smitte bli kontakta direkte av lokale helsemyndigheiter. Dei vil då få informasjon om vidare oppfølging og smittesporing.

Andre passasjerar som har vore om bord blir oppmoda om å følge med på eiga helse, og ta kontakt med helsetenesta om dei får symptom på luftvegsinfeksjon. Så lenge ein er symptomfri er det ikkje naudsynt med karantene, skriv FHI på sine nettsider.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken