Gå til sidens hovedinnhold

Koronasmitta var på møte i Svelgen, fleire er sett i karantene

Smittesituasjonen stammar frå eit møte i Svelgen onsdag i førre veke.

Ein person er no stadfesta smitta av korona og fleire personar er no sett i karantene i Svelgen. Den smitta skal ha vore på eit møte på ei bedrift i Svelgen onsdag i førre veke. Det var NRK Sogn og Fjordane som melde dette først i kveld.

– Det er ikkje snakk om eit utbrot. Dette er ein smittesituasjon. Dei som var på dette møtet har no status som nærkontaktar og er sett i karantene, og det er ikkje mange personar dette er snakk om. Desse er testa og vil bli testa på veg ut av karantene og no onsdag. Så dette er ein smittesituasjon eg tenker det er god kontroll på, seier smittevernoverlege Jan Helge Dale.

Kommentarer til denne saken