Gå til sidens hovedinnhold

Korona-smitte påvist i Måløy

Ein person i Måløy har testa positivt for korona, og ein person som nyleg var på besøk der er også koronasmitta.

Det stadfestar kommuneoverlege Jan Helge Dale til Måløy24.

– Ein person i Måløy har fått stadfesta smitte. Vedkommande blei smitta av eit familiemedlem som bur ein annan stad, men som var på besøk i Måløy. Vi er no i gang med smittesporing, informasjon og testing, seier han til nettstaden.

Den tilreisande som var korona-smitta, deltok på ein større sosial samankomst under besøket i Måløy. Det betyr at det no er mykje smittesporing og testing som skal gjennomførast, opplyser Dale.

Testinga pågår, og fleire i nær familie er allereie testa med negativt resultat.

– Vi har også fått informert mange av dei som var på den sosiale samankomsten, og dei vil bli testa, sier Dale.

Koronasmitte påvist i Kinn

Kommentarer til denne saken