Ein person har fått påvist korona i Hyllestad kommune. Det melder kommunen på sine nettsider. Det er første tilfellet i kommunen.
Personen som er smitta jobbar hos ein av underleverandørane til New Havyard Ship Technology. Den smitta kom frå Polen og blei testa då hen kom til Flesland onsdag 19. august. Personen er sett i isolasjon.
Vedkommande har ingen symptom, og skal bli testa på nytt fredag, melder Havyard i ei pressemelding.
To personar har vore i nærkontakt med vedkommande og er sett i karantene deretter. Ifølge Havyard er 49 personar i karantene fordi det er usikkert om dei har vore i nærkontakt eller ikkje med vedkommande.
– Det er strenge rutinar ved verftet og desse blir følgde for å unngå vidare smitte, slik at arbeidet ved verftet kan halde fram, skriv Havyard i pressemeldinga.
Torsdag ettermiddag starta dei gjennomføring av smittesporing. Arbeidet held fram fredag.
SISTE: Smittevernlegen i Hyllestad kommune ønskjer å komme i kontakt med personar som reiste frå Bergen og gjekk i land på Rysjedalsvika onsdag kveld. Dette er som eit ledd i smittesporinga. Gjeld dette deg, ta kontakt på tlf. 477 61 667.
Det melder kommunen på sine heimesider litt før klokka 14.00 fredag ettermiddag.
Firda kjem tilbake med meir.