– Korleis kan vi vite om Kinn kommune vil fungere, om vi folkevalde ikkje gir prosjektet ein sjanse?

Som senterpartist er han for reversering av Kinn kommune. Men samtidig sit Jan Arve Midtbø med eit lokalt partiprogram i fanget der det står klårt og tydeleg at også hans lokalparti skal vere konstruktive og jobbe for at Kinn kommune skal fungere til innbyggjarane sitt beste.