Korleis kan vi lage 17. mai-fest i år? No byr kommunen til idédugnad

IKKJE SLIK, MEN...? Har du ein god idé korleis ein får mest mogleg nasjonaldagsfeiring og glede på 17. mai i koronatider, så bør du bli med på video-idémøtet førstkomande onsdag, oppmodar varaordførar Sidsel Kongsvik og ordførar Ola Teigen.

IKKJE SLIK, MEN...? Har du ein god idé korleis ein får mest mogleg nasjonaldagsfeiring og glede på 17. mai i koronatider, så bør du bli med på video-idémøtet førstkomande onsdag, oppmodar varaordførar Sidsel Kongsvik og ordførar Ola Teigen. Foto:

FLORØ: Korleis kan vi få mest mogleg glede ut av ein nasjonaldagsfeiring der vi minst mogleg bør møtast?

DEL

Datoen 17. mai nærmar seg, og sjølv om mykje av nasjonaldagsfeiringa vår, i alle fall i tradisjonell form må avlysast, ønskjer Kinn kommune å gjere dagen spesiell for flest mogleg.

- Sjølv om koronaviruset gir oss ei utfordring, ynskjer vi at alle skal få feire nasjonaldagen. Onsdag 29. april inviterer ordførar og varaordførar alle 17. maikomiteane til videomøte med kommunen. Her vil vi høyre alle kreative forslag de måtte ha for gjennomføringa og kva de forventar av kommunen på ein slik dag, skriv varaordførar Sidsel Kongsvik og ordførar Ola Teigen i ei pressemelding.

Først i møtet vil kommuneoverlegen fortelje litt om korleis feiringa kan gjennomførast i tråd med smittevernreglane. Her vil dei som deltek på møtet få høve til å stille spørsmål.

Men like viktig for kommunen er det å få gode innspel på kva ein kan finne på. Og ikkje minst korleis folk kan dele opplevingane sine med andre.

- På møtet kjem også Firdaposten og Fjordenes Tidende til å delta. Tanken er å få til ei digital 17. maifeiring, og då vil avisene vere sentrale aktørar, seier kommuneleiarane.

Men nøkkelen til ein fin 17. mai i år, ligg framleis ute hos 17. maikomitéane.

- Utan lokale arrangement har avisene ingenting å vise av verken bilder eller video. Vi håpar de har med dykk mange gode idear og har innspel til kva vi kan gjere som kommune, ordførar og varaordførar. Og heldigvis, vi har alt motteke gode tips, slår dei to fast.

Har du lyst å delta på det digitale planleggingsmøtet på onsdag? Då kan du gå inn på Kinn kommune sine heimesider. Der finn du informasjon om korleis du kan bli med i møtet.



Artikkeltags