Kor vanskeleg er det eigentleg å lære ungdomspolitikarane frå Måløy forholdstal?

ENGASJERT: To døme på politisk engasjert ungdom. Ina Martine Brendø og Dina Bovim.

ENGASJERT: To døme på politisk engasjert ungdom. Ina Martine Brendø og Dina Bovim. Foto:

PODCAST: Denne veka blei ungdommens kommunestyre konstituert. Det blei mykje debatt, og Måløy-representantane skulda Florø-representantane for å ville stele makta. Møt to av Florø-representantane i podcasten denne veka.

DEL

Er det nokon skilnad på julemarsipan og påskemarsipan? Og er det eigentleg nokon skilnad på Ina og Dina, om ein ser bort ifrå den eine bokstaven?

Det får du svar på i vekas podcast, der ungdomspolitikarane Ina Martine Brendø og Dina Bovim er gjester. Dei fortel dårlege vitsar. Dei fortel om kor vanskeleg det er å lære ungdomspolitikarar frå Måløy om forholdstal. Dei fortel kor vanskeleg det er å ta båten til Måløy. Og kven er eigentleg deira politiske forbilde?

Det kjem også fram at også ungdomspolitikarane har vore med og bygge opp kommunen si rekning på Knutholmen i Kalvåg.

Ta ein lytt på vekas podcast og bli betre kjend med to av byens mest sentrale ungdomspolitikarar.

Du finn podcasten på Spotify og andre podcasttenester, og du kan sjølvsagt høyre den akkurat her. God helg!

Firdaposten på Spotify

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken