Gammen inviterer til julekonsert

KONSERT: Mannskoret Gammen inviterer til julekonsert fredag kveld. Foto: Maiken Aannevik Solbakken Foto: Maiken Aa. Solbakken
Fredag inviterer mannskoret Gammen til julekonsert på Kysten bar i Florø.
Nye juleklassikarar er på plass på repertoaret, og denne gongen har dei også med seg Grete Berntzen som solist.
Berntzen er dirigent, musikar og kultursjef og kulturskulerektor i Bremanger kommune, og er utdanna songar frå Universitetet i Oslo og Griegakademiet i Bergen.
På Kysten bar fredag kveld blir det mellom andre klassikarar som O helga natt og Jingle Bells, I'll be home for christmas og Her kommer vinter'n. Så det blir noko for ein kvar smak denne fredagskvelden.
- Her kan du lene deg tilbake og komme i julestemning med 25 menn som likar å synge og traktere ulike instrument. Gled deg!, reklamerer koret på Facebook.
Her er opptak frå Gammen sin julekonsert i 2017:
Kommentarer til denne saken