Vita-kjeden er konkurs

KONKURS: Vita-kjeden er konkurs, men på Amfi-senteret har dei ope inn til vidare. Eigarane vil førebels ikkje uttale seg om situasjonen.

KONKURS: Vita-kjeden er konkurs, men på Amfi-senteret har dei ope inn til vidare. Eigarane vil førebels ikkje uttale seg om situasjonen. Foto:

FLORØ: Cosmetic Group, som eig dei to kosmetikkjedene VITA og Loco, er konkurs. Dette råkar over 200 butikkar med tusen tilsette. Kjeden har fire butikkar i Sogn og Fjordane, ein av dei i Florø.

DEL

Styret i Cosmetic Group AS, som eig og driv dei to kosmetikkjedene VITA og Loco, har innlevert konkursbegjæring til Oslo Byfogdembete.

– Varehandelen i Norge er i rask endring, og kosmetikkjedene VITA og Loco har opplevd svakare vekst og fallande lønsemd. Cosmetic Group har jobba iherdig for å snu trenden og auke konkurransekrafta, skriv Cosmetic Group i ei pressemelding.

Over tusen tilsette råka

Styret i Cosmetic Group AS har no konkludert med at føresetnadene for vidare drift ikkje lenger er tilstades.
Dette vil berøre kjedene Vita og Loco, med 300 tilsette ved hovudkontoret i Oslo og logistikkverksemda i Mjøndalen, og dei 23 eigeneigde Loco-butikkane.
I tillegg vert drifta i 207 franchisedrevne VITA-butikkar i heile Norge råka, med i alt 1000 tilsette. Cosmetic Group AS hadde i 2018 ein omsetnad på 1,35 milliardar kroner.

- Her har både tilsette og butikkmedarbeidarar jobba hardt for å gjenvinne lønsemda i Vita og Loco. Långiver har vore løysingsorientert og saman med eigarane tilført kapital. Vi har alle jobba med å finne løysingar, men dessverre utan å komme i mål. Det er mange som blir berørt av denne vanskelege situasjonen, og det beklager vi, seier Patrice Jabet på vegne av FSN Capital Partners, investeringsrådgjevar til FSN Capital IV som er hovedaksjonær i selskapet.

Styret håper det kan vere grunnlag og interesse for at heile eller deler av verksemda kan drivast vidare etter konkursen.

Open butikk i Florø

I fylket her er det fire Vita-butikkar, ein i Florø, to i Førde og ein i Sogndal.
Firdaposten var innom Vita sin butikk på Amfisenteret måndag morgon. Butikken er open, og dei tilsette kan førebels ikkje uttale seg om kva som skjer med drifta.

Auka konkurranse og netthandel

- Detaljhandelen og kosmetikkbransjen er påverka av endra kundebehov og auka konkurranse frå e-handel og lågpriskjeder. Det siste året har vi reposisjonert VITA, etablert lavpriskonseptet Loco, samt intensivert satsinga på netthandel og digitalisering. Heile organisasjonen har jobba intensivt for å snu utviklinga, men no må vi dessverre konstatere at vi ikkje fekk det til i tide. Store omstillingsprosessar er kapital– og tidkrevjande. Når markedskreftene i tillegg jobbar imot oss, blir det vanskeleg å lukkast, seier Kristina Johansson, som overtok som CEO i Cosmetic Group høsten 2018.

Utover i 2019 har likviditeten i selskapet blitt strammare og det har blitt tilført kapital undervegs. Leiinga, styret, eigarar og långiver har arbeidd med ulike alternativ for å redde selskapet, uten at nokre av desse har ført fram.

Firdaposten kjem tilbake med meir

Artikkeltags