Konfliktrådet i fylket behandlar fleire og meir alvorlege saker

Av

Halvårstala frå konfliktrådet i Sogn og Fjordane er klare. Sakene i fylket er fleire og meir alvorlege.

DEL

FIRDA: I ei pressemelding melder konfliktrådet at det er ei auke i talet på mottekne saker i fylket.

Tala frå første halvår viser at konfliktrådet i Sogn og Fjordane har teke imot 69 saker. Dette er ei auke på 12 saker frå året før.

Den største sakskategorien til konfliktrådet er vald. Det er alt frå uprovosert vald mellom ukjente, til vald i nære relasjonar.

Vald blant ungdom

I fylket har seks ungdommar fått ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging i første halvdel av 2019.

Ungdomsstraff og ungdomsoppfølging har vore utøvd i fem år. I løpet av desse åra har tre ungdommar mellom 15–18 år fått straff og 47 har fått ungdomsoppfølging i fylket. Vald og lovbrot er hyppige lovbrot.

Resten av landet

Tala frå første halvår i 2019 viser at det har vore ein nedgang på fem prosent på landsbasis. Det vil seie at tal på saker har minska med 223 saker, frå 4118 til 3895. Ein tredjedel av samla saksmengde er valdssaker.

Når det gjeld ungdom, er 32 ungdommar mellom 15–18 år dømt til ungdomsstraff, medan 221 har fått ungdomsoppfølging.

Artikkeltags