Selje - Vågsøy - Bremanger og Flora møttest: Kystkameratane er klare for samarbeid

Firarbande?: Frå venstre Audun Åge Røys - Bremanger, Ola Teigen - Florø, Kristin Maurstad - Vågsøy og Stein Robert Osdal - Selje er alle klare til å stå saman for kysten i ein potensielt krevjande kvardag med velvaksne naboar framover. I september, når ein veit korleis kommunekartet blir sjåandeut, skal samarbeidet inn i faste former.foto: privat

Firarbande?: Frå venstre Audun Åge Røys - Bremanger, Ola Teigen - Florø, Kristin Maurstad - Vågsøy og Stein Robert Osdal - Selje er alle klare til å stå saman for kysten i ein potensielt krevjande kvardag med velvaksne naboar framover. I september, når ein veit korleis kommunekartet blir sjåandeut, skal samarbeidet inn i faste former.foto: privat

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FLORØ: Fredag samla ordførarane frå Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje seg på Ola Teigen sitt kontor.

DEL

Der diskuterte dei moglegheitene for inngå eit samarbeid i ruinane av kommunesamanslåingsplanane for kysten.

– Sjølv om kystalternativet havarerte, er det i høgste grad interessant med eit tettare samarbeid, seier Ola Teigen.

Inn til hausten

Prosjektet har fått arbeidstittelen Kystrådet, og dette blir ikkje berre eit ordførarforum, også rådmennene i kommunane skal involverast og det skal opprettast eit sekretariat som skal jobbe med å løyse oppgåvene. Det ikkje er snakk om å tilsette nokon, ein vil fordele oppgåvene og bruke dei ressursar ein har, opplyser Teigen.

Det er ikkje vanskeleg å peike på felt der dei fire kommunane har felles interesser. Teigen ramsar opp:

– Næring - korleis møter vi moglegheitene som kjem i havrommet? Samferdsle - her gjeld det til dømes Kystvegen og Stad Skipstunnel, som begge er viktige både for næringsliv og turisme. Utdanning - vi har institusjonar som utdannar folk til næringane våre - og å styrke desse områda gjer vi best saman, seier Teigen.

– Kva ligg i dette samarbeidet - kor forpliktande vil det vere?

– Det må vi diskutere i løpet av hausten. Då må vi også bestemme kva som er naturleg å gå vidare med. Det viktige er først og fremst å finne ut kva saker vi vil jobbe med, om det blir som eit forpliktande regionråd eller annan organisasjon.

Sjølv om kystalternativet havarerte, er det interessant med eit tettare samarbeid

Ola Teigen, ordførar

Planen er å møtast i Kalvåg i september, for å diskutere samarbeidet vidare.

– Då vil vi invitere utvalde politikarar får dei fire kommunane, saman med næringsliv, næringsselskap, hamneforetaka og nokre eksternt innleigde, som til dømes fylkeskommunen.

Noko av grunnen til at ein ventar til hausten med å gå vidare med samarbeidet, er at ein treng ei avklaring på kommunereformen. Florø er ein del av Sunnfjord Regionråd, medan Vågsøy er ein del av Nordfjordrådet.

– Kjem det endringar i kommunestrukturen, kan det også komme endringar i regionråda. Difor ventar vi til hausten, vi må sjå korleis kommunekartet ser ut etter 1. juli, seier ordføraren.

Kan bli utfordra

Teigen seier det forsåvidt ikkje er noko i vegen for at Kystrådet kan innehalde alle kystkommunane i fylket, men at det avheng av kva Askvoll og Fjaler fell ned på.

– Vert dei ein del av ein stor Sunnfjord-kommune som også er ein kystkommune, vil det ha betydning for vår strategi. Då kan vi bli utfordra på at dei vil vere med og kjempe om dei same oppgåvene og dei same midlane, sidan vi har valt å stå utanfor.

– Kva skal hindre samarbeidet i renne ut i sanden, slik det tidlegare Kystforumet gjorde?

– No vel vi å bruke administrative ressursar, vi har ein møteplan og vil etablere ein overordna plan for kva vi vil med dette. Vi har ein idé om mål og hensikt, det skal forankrast politisk og prosjektet skal ha ein administrasjon, skisserer Teigen.

No skal referatet frå dagens møte diskuterast i dei fire kommunestyra.

– Det er eit sterkt ønskje frå alle om å få til noko skikkeleg og forpliktande, understrekar Teigen.

Vi må vite korleis kommunekartet ser ut etter 1. juli.

Ola Teigen, Flora ordførar

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken