Klassekampen arrangerer kommune-debatt på Bua

Ingrid Heggø.

Ingrid Heggø. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

I august kjem hovudstadsavisa seglande til Florø i MK Erkna, og inviterer til debatt om kommune- og regionreforma.

DEL

5. august kjem Klassekampen sjøvegen til Florø med prosjektet sitt «Sommerbåten».

Avisa har sommarseglas med den tidlegare fiskebåten MK Erkna, og lagar ulike debattarrangement langs norgeskysten i sommar.

Dei kjem til kai i Florø sentrum laurdag 5. august klokka 14, og inviterer folk til å møte dei der.

På kvelden inviterer dei til valkampdebatt på Hjørnevikbua bub, med Sveinung Rotevatn (V), Ingrid Heggø (Ap) og Steinar Ness (Sp). Hovudtema for debatten er kommune- og regionreforma.

Debattleiar er Maria Dyrhol Sandvik frå Klassekampen. Ho jobba tidlegare som kommentator og debattjournalist i Bergens Tidende.

Arrangementet er ope for alle over 18 år, melder avisa.

Sommerbåten skal elles innom Kristiansund, Ålesund, Volda, Bergen, Odda, Valevåg, Haugesund, Stavanger og Kristiansand i løpet av august, før den endar opp i Arendal, under Arendalsuka.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken