50 prosent seier ja

Folkemøte om Kinn kommune- her ser vi ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad.

Folkemøte om Kinn kommune- her ser vi ordførarane Ola Teigen og Kristin Maurstad. Foto:

Fredag kom resultatet av telefonspørjinga i samband med kommunesamanslåinga Flora - Vågsøy.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Tala viser at halvparten av dei som vart oppringde seier ja til ei kommunesamanslåing med Vågsøy.

Splittar ein det opp på kommunar, er 65 prosent av floraværingane positive, mens fleirtalet av vågsøyværingane, 55 prosent, seier nei.

- Restultatet er ikkje så overraskande, det er ein tendens omtrent som forventa, seier Flora-ordførar Ola Teigen.

- Det er noko ein ser over heile landet, at den kommunen som gir frå seg kommunesenteret er meir skeptiske til ei samanslåing. Det er naturleg, seier han.

1401 vart oppringt

Totalt 1401 personar over 16 år vart oppringt no i mars månad, av dei var 800 frå Flora kommune og 600 frå Vågsøy kommune.

707 av dei 1401 svarte ja til Kinn kommune. 34 prosent seier nei, 479 personar, mens 15 prosent (215 personar)  ikkje veit kva dei meiner. 

Spørsmålet som vart stilt er: Vågsøy og Flora kommune har forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane frå 1.1.2020. Er du for eller mot ei slik samanslåing?

Telefonspørjinga vart utført av Sentio Research.

- Ikkje avgjerande

Flora-ordføraren seier at han ikkje kjem til å legge noko avgjerande vekt på denne telefonspørjinga.

- Eg vil åtvare sterkt mot å bruke kun denne spørjinga og folkemøtene som avgjerande for beslutninga. Ein må ta med seg heile bildet som grunnlag når ein tek avgjerda, både tidlegare folkemøter og spørjingar, og nye moment som kjem til, seier Teigen.

- Det er mange variablar folk flest ikkje har innsyn i enda, og som kan påverke avgjerdsla. Som til dømes resultat av regionreforma, gulrøtter i både den og kommunereforma, møtet vi skal ha med kommunalminister Sanner i neste veke, og utflytting av statlege arbeidsplassar. Det er også fleire spennande prosjekt på gang som vil bli presenterte i felles formannskapsmøte måndag, fortel ordføraren.

Meir positive i Flora

Folk i Flora er meir positive til samanslåinga enn folk i Vågsøy. 65 prosent av dei spurde frå Flora sa ja, mens berre 31 prosent av dei oppringte i Vågsøy var positive.

55 prosent av dei oppringte frå Vågsøy var imot ei samanslåing med Flora.

Laster avstemning...

Fekk ekstraspørsmål

340 av dei som svarte nei, vart ringt opp att med eit ekstraspørsmål: Ringer opp att dei som har svart nei til Kinn

Spørsmålet var: Korleis stiller du deg til samanslåing Vågsøy-Flora dersom Bremanger også var ein del av den nye kommunen? Vil du vere for eller mot ein slik samanslåing?

128 personar, 38 prosent, svarte då at dei var for samanslåinga dersom Bremanger vart med.

188 var framleis imot, det vil seie 55 prosent. 7 prosent, 25 personar, svarte "Veit ikkje".

- Overraska

Bente Nilsen (SV) var den som i utgangspunktet føreslo at ein skulle ha telefonspørjing i saka om samanslåing Vågsøy-Flora, då saka vart diskutert i Flora bystyre.

Nilsen er litt overraska over at det ikkje var fleire som var positive til samanslåing, ut ifrå stemninga som har råda.

Bente Nilsen (SV). Foto: Linda R. Bruvik

Bente Nilsen (SV). Foto: Linda R. Bruvik

- Eg trur grunnen til dette er spørsmålet om Bremanger, og mangel på felles grense i ein ny kommune. Det er jo veldig spesielt, seier Nilsen.

- Resultatet gjer at eg blir litt usikker, det er vanskeleg å forholde seg til det, seier ho.

Ho tolkar resultatet som at det framleis er mange som synst vi klarar oss aleine, at vi er stor nok og har god tru på eigen kommune.

Flora SV har ikkje konkludert i saka.

- Vi skal ha møte på måndag, vi er litt delt og har ikkje landa på ein konklusjon. Vi vil ha kystkommune, og vil gjerne ha med Bremanger. Så slik det ligg an no veit vi ikkje, seier Nilsen.

Dei vil ta med seg resultatet frå innbyggarspørjinga i vurderinga.

- Men måten den vart gjort på gjer det litt vanskeleg. Det er ein underleg framgangsmåte at dei som sa nei vart oppringt på nytt, det svekkar tilliten til undersøkinga. Eg har signalisert at eg vil stille spørsmål ved dette i formannskapsmøtet måndag.

LES OGSÅ:

Vil Fylkesmannen tvinge Bremanger med?

– Vinn-vinn med Kinn

– Sjå på utviklinga 

Vil ha med Bremanger 

No står utfordringane i kø

Nytt Bremanger-nei til forhandlingar

– No ser vi konsekvensane

Artikkeltags