AP kjem med eige Bremanger-forslag på Stortinget

Artikkelen er over 3 år gammel

Stortinget debatterer no kommunereforma, og Helga Pedersen (Ap) signaliserer at partiet går for samanslåing av Flora og Vågsøy.

DEL

Samstundes seier Helga Pedersen at dei vil komme med eit eige framlegg for å sikre og respektere Bremanger sin ståstad. Dette framlegget kjem Ap med seinare i debatten torsdag, og i fellesskap med Venstre og FrP.

Ordlyden i framlegget er som følgjer:

Forslag nr. 18 fra Pedersen, Helga på vegne av Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Venstre:
"Vågsøy kommune og Flora kommune slås sammen senest fra 1. januar 2020. Bremanger består som egen kommune."

Høgre har tidlegare varsla at dei vil gå imot samanslåing av Flora og Vågsøy no. Dette fordi dei ventar på utgreiinga om Flora, Vågsøy og Bremanger som kommunalministeren har bestilt av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Blir det nytt fylke?

Ap signaliserer også at dei vil gå imot samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane, fordi Sogn og Fjordane ikkje har fått overført tilstrekkeleg med oppgåver i samband med regionreforma. 

Du kan følgje debatten direkte i nett-tv her: Stortinget

Det kjem til å bli veldig jamnt under røystingane i Stortinget torsdag.

Ifølgje NRK er det 86 representantar for kommunereforma, og 83 imot. Men ein Frp-politikar har brote ut av blokka på 86, og det er usikkert kva ho kjem til å røyste. Då trengst det berre ein representant til for å velte heile kommunereforma.

Les alt om samanslåing av Flora og Vågsøy i vårt magasin:  Soga om Kinn

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken