Sp vil ha samanslåings-omkamp

Marit Arnstad

Marit Arnstad

Artikkelen er over 2 år gammel

Sp fremjar no forslag for Stortinget om å omgjere tvangssamanslåinga av kommunar og fylkeskommunar.

DEL

Senterpartiet har levert to representantforslag om omgjering av Stortinget sitt vedtak om tvangssamanslåing av kommunar og fylkeskommunar.

Då Stortinget behandla kommunereforma og fylkesreforma i juni i år, varsla Senterpartiet at dei ville ta opp eit omgjeringsvedtak for eit nytt Storting etter valet. 

- Vedtakene i juni blei gjort med knappast muleg flertal.  Det er behov for at eit nytt Storting med eit endra parlamentarisk grunnlag for regjeringa, får vurdere vedtakene om tvangssamanslåing på nytt, seier Senterpartiet sin parlamentariske leiar, Marit Arnstad, og kommunalpolitisk talsperson, Heidi Greni, i ei pressemelding

Frivilligheit som prinsipp

I representantforslaget til Stortinget om omgjering av vedtak om tvangssamanslåing av kommunar, fremjer dei følgande forslag:

1.      Stortinget ber regjeringa legge til grunn at gode, frivillige, prosessar skal vere utgangspunkt for endringar av kommunestrukturen.   Eventuelle kommunesamanslåingar i perioden 2017-2021 skal utelukkande bygge på frivilligheit.

2.      Stortinget ber regjeringa legge til grunn at inntektssystemet for kommunane skal sikre likeverdige moglegheiter til å utvikle velferdstenester til innbyggarane og ikkje bli brukt som element i vidareføring av kommunereformen.

3.      Stortinget ber regjeringa opplyse dei 31 kommunane som inngikk i vedtakene om tvangssamanslåing, om at dei kan søke omgjering av vedtaket.

4.      Stortinget ber regjeringa om at alle søknader om omgjeringsvedtak  av kommunesamanslåinger blir framlagt for Stortinget til individuell behandling.

Representantforslaget om inndeling av fylkeskommunane konkluderer med følgande forslag:

«Stortinget ber regjeringa legge fram forslag om omgjering av vedtak om samanslåing av følgande fylkeskommuner: Vestfold og Telemark, Hedmark og Oppland, Hordaland og Sogn og Fjordane og Troms og Finnmark.»

- Sterke reaksjonar

-  Stortinget sin bruk av tvang for å slå saman kommunar og fylkeskommunar, på tvers av vedtakene i kommunestyre og fylkesting, vakte sterke reaksjonar.  Desse vedtakene bør ikkje bli ståande.  Det same gjeld forslaget om den nye Viken-regionen, som det allerede er levert eit forslag om å endre. Både Arbeidarpartiet og SV har sagt dei støttar omgjering, seier Arnstad og Greni.

- Vi håpar også å få støtte frå KrF. Partiet gikk mot tvangssamanslåing av kommunar då saka var til behandling. Det bør derfor bli fleirtal i Stortinget for omgjering, seier Arnstad og Greni.

Omkamp i fylket?

Senterpartiet har også varsla at dei vil ha saka om fylkessamanslåing opp att til handsaming i fylkestinget i Sogn og Fjordane no i oktober.

Både på landsbasis og fylkesplan håpar dei på støtte frå Ap og KrF.

KrF sin nyvalde stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Tore Storehaug, vil ikkje seie at dei er klare til å oppheve dei vedtaka som er gjort.

– Vi er jo eit av dei partia som står bak heile reforma. Og sjølv om det er delar av innrettinga vi ikkje er heilt fornøgd med, så har Sogn og Fjordane fått ein god avtale med Hordaland, seier Storehaug til NRK.

Flora-ordførar Ola Teigen åtvarar partiet sitt mot å ta omkamp om fylkessamanslåinga: Åtvarar sine eigne mot å prøve regionomkamp: – Spelar hasard med viktige arbeidsplassar

Artikkeltags