No startar jobben med Kinn kommune

Flora-ordførar Ola Teigen og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

Flora-ordførar Ola Teigen og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Fredag har kommunestyra i Flora og Vågsøy felles samling, for å starte prosessen mot ein ny kommune i 2020.

DEL

Kommunestyra i Vågsøy og Flora har sitt aller første felles møte førstkommande fredag, og det skjer på Raudeberg.

Flora-politikarane og administrasjon reiser med eigen båt til møtet.

– No er vi i gang, no startar sjølve jobben med å slå saman to kommunar til ein. Det blir kjekt, veldig spennande, og krevjande, trur Flora-ordførar Ola Teigen.

– Det vil krevje mykje av begge kommunestyra å saman skulle realisere den kommunen vi har ønske om å skape. Og vi må vere flinke til å involvere både næringsliv og innbyggarar. For alle som likar utviklingsarbeid blir det to usedvanleg spennande og interessante år fram mot nye Kinn kommune 1. januar 2020, seier Teigen.

Det er eit massivt arbeid som ligg framfor dei to kommunane. Planverk, system, reglement og organisasjonar skal smelte saman til ei ny felles eining.

– Det er ikkje meir enn to år til samanslåinga, så vi har knapt med tid. Og dette vil bli utfordrande for to kommuneadministrasjonar som skal gjere samanslåingsjobben i tillegg til sine daglege oppgåver. Men eg er veldig optimistisk, seier han.

Diskutere eigedomsskatt

Det er også Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad.

– Eg ser veldig fram til at vi skal møtast alle i hop, og begynne å jobbe med kommunereforma, seier ho til Firdaposten.

– Det blir ein veldig hektisk møtehaust, men det blir kjekt å komme igang.

Eit av tema som skal drøftast fredag, er korleis ein skal harmonisere eigedomsskatten i Kinn kommune. Her skal ein vurdere å søke om ei overgangsordning.

Digital kommunikasjon står også på programmet.

– Det er store avstandar mellom oss, og det må vi ta på alvor. Då er det viktig å nytte seg av dei digitale hjelpemidla som finst. Difor har vi invitert Måløy-firmaet Videonor til å halde ein presentasjon om digital kommunikasjon for oss, fortel Maurstad.

Kyst-rapport blir lagt fram

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kjem også til fellesmøtet, og det skal vere ein offisiell markering av den nye kommunen.

Telemarksforsking deltar også. Forskingsinstituttet skal legge fram rapporten sin om ein kystkommune i området Flora, Bremanger og Vågsøy, ein rapport som er bestilt av fylkesmannen, på oppdrag frå kommunalminister Jan Tore Sanner.

Kommunalministeren bestilte ei slik utgreiing tidlegare i sommar, då Stortinget sa nei til Bremanger-tvang. Bremanger kommune si framtid skal opp igjen i Stortinget på seinhausten, under handsaminga av statsbudsjettet, og rapporten blir då brukt som bakgrunnsmateriale for ministeren si tilråding. Det har Sanner varsla tidlegare.

I rapporten skal behovet for grensejustering vere eit av tema. Kraftinntekter, kommunikasjonsmønster, framtidig utvikling og den økonomiske situasjonen til dei tre kommunane er andre ting rapporten skal ta for seg.

Bremanger invitert

Bremanger kommune er også invitert til møtet, fortel Flora-ordføraren. Men det har ikkje skjedd noko nytt angåande samarbeidet mellom dei tre kommunane.

– Vi får høyre kva Telemarksforsking tilrår i sin rapport. Men prosessen med samanslåing av Flora og Vågsøy går uansett sin gang, utan Bremanger kommune. Så blir det opp til Stortinget å vurdere Bremanger si rolle i Kinn kommune. Arbeidet vårt held fram som planlagt, til vi får beskjed om noko anna, seier Teigen.

– Vi håpar at Bremanger følger med på prosessen og samarbeidet mellom Flora og Vågsøy. Så er dei hjarteleg velkomne til å samarbeide med oss, i den form dei sjølve måtte ønske, understrekar han.

LES OGSÅ:

Får fire millionar kroner til fiber og båt

Må han søke på rådmann-jobben?

– Bremanger skal bestå som eigen kommune

Feirar ny kommune med reker frå Måløy og Kinn-øl 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken