Positiv peikefinger frå Fylkesmannen til Kinn

 BETINGA OPTIMIST: Jurist Kåre Træen er Fylkesmannan sin prosjektleiar i kommunereforma.

BETINGA OPTIMIST: Jurist Kåre Træen er Fylkesmannan sin prosjektleiar i kommunereforma.

Av

KNUTHOLMEN: Mykje bra – men også store utfordringar, var Kåre Træens førebelse analyse av arbeidet med å etablere Kinn kommune.

DEL

Eit godt grunnlagsarbeid for eit prosjekt som Fylkesmannen heiar på. Men også store utfordringar og behovet for ein god dose realisme i framtidsplanane. Slik oppsummerer Fjordenes Tidende innspela frå Fylkesmannen sine folk under det to dagar lange fellesmøtet  på Knutholmen i Kalvåg for politikarane i Flora og Vågsøy som om eit drygt år skal danne Kinn kommune.

Ifølgje Fjordenes Tidende åtvara Fylkesmannen mot å budsjettere med uspesifiserte innsparingar. I staden må ein vere grundig og konkret med å talfeste effektiviseringar ein ønskjer å gjere, og vere heilt konkret på kvar ein tenkjer å spare.

– Samla sett når ein ser på dei viktige økonomiske storleikane, så har Vågsøy og Flora, og dermed Kinn, ein jobb å gjere. Det er berre å erkjenne, sa Kåre Træen frå Fylkesmannen til avisa.

Artikkeltags