Det viktigaste i den situasjonen vi står i som samfunn no er å verne om liv og helse. Begrense smitte, og hjelpe dei som blir sjuke. Det er rørande å sjå samfunnsdugnaden som er i gang, og den framifrå innsatsen som vert gjort for å halde hjula i gang: Reinhaldarar, transportarbeidarar, helsepersonell, butikkpersonale, handtverkararar – lista er lang. Takk til alle!

Dette er også ei økonomisk krise. Mange bedrifter ser nedbemanning og driftsreduksjon, mange har måtte permittere og mange måtte stenge på dagen. Vi vil sjå mange konkursar. Det er belastande for mange enkeltpersonar og familiar å kjenne på uvissa om grunnleggande ting i livet: Blir eg eller nokon eg kjenner sjuk? Vil eg miste jobben? Vil eg ha ein jobb å gå til om to månader? Når kan eg treffe folk igjen? På få dagar vart kvardagen snudd på hovudet til det ugjenkjennelege. Vi veit ikkje korleis framtida ser ut om nokre veker eller nokre månader.

Kommunen har mange oppgåver i ein krisesituasjon som denne, la meg for enkelheits skuld dele desse i to: På den eine sida skal vi sørge for liv, helse og velferdstenester, at smitteverntiltak blir gjennomført og at dei som treng det får helsetenester. At elevane får si undervisning. At velferdsstaten fungerer i ein unntakstilstand. Dette er ei prioritert oppgåve som også Kinn Venstre engasjerer seg i: Vi må sørge for nok pengar og utstyr, og nok folk til desse oppgåvene.

På den andre sida er kommunen den største arbeidsgjevaren i Kinn, ein stor innkjøpar av varer og tenester, ein stor aktør i eigedomsmarknaden og viktig for utviklinga av kommunen som lokalsamfunn. I denne heilt ekstraordinære situasjonen må begge desse oppgåvene takast på alvor. Kinn kommune kan ikkje stoppe opp, fordi det påverkar heile samfunnet. Stoppar kommunen opp, stoppar det lokal næringslivet opp. Vi ser tendensar til at dette diverre er i ferd med å skje.

No er det difor viktigare enn nokon gong at vi som kommune kjøper varer og tenester lokalt. Kommunen må «snu bunken» av prosjekt og sjå etter gryteklare tiltak som raskt kan gjennomførast på ein måte som sikrar arbeid til lokale bedrifter: Oppussing, rehabilitering, vedlikehald – ting som gjerne ikkje blir prioritert elles. Prosjekt som kan kjøpast utan omfattande anbodsprosessar: Eksempelvis kan ein bygge ut det nye aktivitetsrommet på Florø ungdomsskule, oppgradere turvegar, småvegar og veglys. Parkområde og grøntareal i byane og tettstadane våre treng oppgradering. Også store prosjekt som Skram skule i Måløy og rådhusprosjektet i Florø bidreg til lokalt næringsliv, til optimisme, til verdiskaping og til å halde folk i arbeid. Det er dette vi treng no: At kommunen bidreg til at ingeniørar, elektrikarar, tømrarar, røyrleggarar og arkitektar framleis får oppdrag som bidreg til å halde hjula i gang og dytte kommunen framover. Samtidig må vi ha fullt fokus på å sikre framdrift i planprosessar og vedtak som gjer at det skjer ei positiv utvikling av samfunnet. Vi må sørge for at vi har små og store prosjekt klare slik at staten og kommunen kan bruke pengar i Kinn for å få økonomien på fote igjen. Kommunen må aktivt invitere små og store aktørar til innspel: Korleis kan kommunen bidra? Korleis kan vi tilpasse kommunale avgifter og skattar slik at det blir lettare for dei som slit økonomisk?

Venstre vil gjere det vi kan, og bruke heile verktøykassa for å få Kinn velberga gjennom krisa. Det er viktigare enn nokon gong med politisk leiing både nasjonalt og lokalt.