I tidsrommet mars 2017 til desember i fjor har det vore 30 kommunale samlingar på overnattingsstaden Knutholmen. Det viser vedlegg NRK har gjennomgått. Samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn kommune har vore hovudtemaet på nesten alle desse samlingane, ifølge NRK Vestland.
– Vi hadde behov for å samle både leiarar, ulike avdelingar og folkevalde då vi slo oss saman til ein kommune med 1600 tilsette. Det har vore behov for å strekkje samlingane over eit døgn, seier rådmann Terje Heggheim i Kinn til statskanalen.
Han poengterer at samlingane har hatt viktig fagleg innhald, men at også den sosiale biten har vore viktig i bygginga av ein ny kommune, med mange nye leiarar.
«Havets festbord» til 700 kroner per person har vore servert på enkelte samlingar. Og utgifter til vin over dei tre åra utgjer om lag 100.000 kroner.
Heggheim viser til at eit kostdøgn etter statens regulativ er på 780 kroner. Så hadde ikkje dei tilsette fått mat, hadde kommunen uansett måtte dekt 780 kroner per person.
Firdaposten har også tidlegare skrive om Kinn kommune sine samlingar på Knutholmen. Kommunen har hatt ute anbod, der familiebedrifta i Kalvåg har komme langt billegare ut enn overnattingsstader i Florø og Måløy:

Her møtest Kinn-folket – fordi det er klart billegast
Torgunn Eikevik i Senterpartiet sendte nyleg inn ein interpellasjon til Kinn kommune, der ho stilte spørsmål ved pengebruken på Knutholmen. Ho kommenterer følgjande til NRK:
– Eg er skuffa. Eg synest det er feil bruk av pengar. Dei har ikkje tenkt på innbyggjarane, som til sist må betale for det.
Utskrifter NRK har fått innsyn i viser at sluttrekninga for ei av samlingane på Knutholmen kom på heile 313.000 kroner. 105 leiarar og mellomleiarar deltok på overnatting, «Havets festbord» og drakk 50 flasker vin til maten.
Det har også vore samlingar på Gloppen hotell og Alexandra hotell. Prislappen for desse to samlingane var på vel 100.000 kroner.

Torgunn Eikevik (Sp): – Eg er bekymra over Kinn-økonomien
