Kommunedirektøren: – Vi bør redusere talet på skular i Florø frå fire til tre
Kommunestyret er på ei to dagars samling i Måløy for å diskutere økonomi, investeringar og korleis dei skal jobbe i framtida. Torsdag mana kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen politikarane til å tenke langsiktig.