Eidsivating lagmannsrett har oppdaga at fleire kommunar kan ha valt ulovlege meddommarar. No blir alle domstolane i landet bedne om å sjekke listene sine.

I eit brev Domstoladministrasjonen har sendt ut til alle tingrettane, jordskifterettane og statsadvokatembete i Noreg, står det at fleire av kommunane i landet har valt meddommarar som i samsvar med domstolslova ikkje har vore valbare.

Det skriv Kommunal Rapport.

Ifølgje domstolslova kan ikkje byrådar og medlemmer av formannskapet i kommunar vere meddommarar. Heller ikkje varamedlemmer. Det same gjeld medlemmer av valnemnder og varaer til desse. I kommunar som har ein formannskapsmodell, vil ordførar og varaordførar vere ein del av formannskapet, og vil derfor normalt ikkje vere valbare. Det same gjeld for byrådar i kommunar med parlamentarismemodell.

– Det er Eidsivating lagmannsrett som har oppdaga denne feilen, og då gjeld det kommunane i Innlandet. Men vi går breitt ut så alle kan ta ein sjekk på listene sine, seier kommunikasjonssjef i Domstoladministrasjonen, Yngve Brox.

Regelen tok til å gjelde i 2007.

«Domstolane kan komme til å motta anker på grunnlag av at retten ikke har vært rett besatt.», står det i brevet.

Firdaposten skreiv sommaren 2020 at Kinn kommune såg ut til å ha teke ein snarveg, og plukka representantar i formannskapet til å vere meddommarar i tingrett, lagmannsrett og jordskifterett frå formannskapet. Den gong sa varaordførar Sidsel Kongsvik at dei måtte ta eit suppleringsval for erstatte dei som ikkje kan sitte der. Det blei gjort i september 2020.

(©NPK)