Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
På pressekonferanse 6. mai 2020, går næringsministeren ut og seier at offentlege investeringsprosjekt må halde fram utan avbrudd, og at lokale entreprenørar må brukast til dette.
Kinn kommune er einig i dette, og har mange gode investeringsprosjekt på gang dei neste månedene og åra. Samstundes er vi, som alle andre kommunar, opptatt av å halde ein ansvarleg økonoimsk styring, og om vi skal kunne gjere investeringar er vi avhengige av å vite at kommunen har økonomiske utsikter som gjer det mogleg å gjennomføre disse investeringane.
Det er allereie klart at Kinn kommune vil få betydelege meirkostnadar på grunn av koronaviruset, og for oss er det viktig å halde fokus på forsvarleg drift og lovpålagde tenester i denne situasjonen.
Kommunane har eit sterkt ønske om å ta medansvar for å få hjula i gong gjennom gode investeringsprosjekt, men for å gjere det må vi vite at vi har råd til å forsvare disse investeringane også i åra framover.
Det vil derfor vere avgjerande for både økonomien og moglegheita for å investere at regjeringa legg fram eit revidert statsbudsjett som tek høgde for dette, slik at vi i kommunane også kan revidere våre budsjett i forvissing om at vi i framtida har ein økonomi som gjer det mogleg å fortsatt forsvare investeringar som t.d. ny Skram skule for elevane i Måløy, brannstasjonar som er i tråd med lovkrava og eit framtidsretta og miljøriktig administrasjonsbygg for dei ansatte i Florø.
Signert av
Sidsel Kongsvik, varaordførar i Kinn kommune og gruppeleiar Sp
Silje Ødegård Standal, gruppeleiar Ap
Marie Øverås Jensen, gruppeleiar SV
Odd Bovim, gruppeleiar MDG